laurdag 13. februar 2010

Serverkottet

Disker bråker, mange disker bråker mye, mange disker som kjøles tilstrekkelig ned bråker veldig mye... Eg har nå komt sålangt at eg har installert Windows Home Server(WHS), tidlegare har eg hatt Windows XP på serveren, som eg hadde hacket til å kunne kjøre Software RAID5. Eg hadde tenkt å kjøre RAID5 når eg oppgraderte serveren, så eg kjøpte inn 7 1,5TB disker siden eg syntes d var eit greit antall i forhold til risk og størrelsestap når ein kjører RAID5. Mens eg holdt på å herje med WHS kom eg fram te at eg heller ville bruke WHS sin Drive Extender, dette gjorde at eg kunne bruke alle gamle disker eg hadde liggande og har nå endt opp med 16 disker i serveren.
Kabinettet hadde plass te 8, eg har satt inn ei Lian Li Drevramme som tar opp 3 5-1/4-toms plasser og gir meg 4 3-1/2-toms plasser, ei Sunbeam Wherever PCI-rack som eg bruker til ein disk, og i tillegg har eg montert ei ramme på utsiden med 4 disker. Den eine av dei 8 originale plassene har eg latt stå åpen for å få bedre luftgjennomstrømming.

Så var det det eg virkelig har brukt MYE tid på i d siste: Kjøling... Problemet blei hovedsaklig å få dytta ut nok varmluft samtidig som det ikkje bråkte som eit helvete.
Mine første forsøk var å prøve å få kobla sammen eit par lufterør og koble desse på rett utenfor viftene eg kjøpte. Viftene eg kjøpte var ganske så kraftige 228m3/t, 2x136m3/t og den siste som drar luft inni kabinettet på 149m3/t. Tanken min er at desse viftene skal sammen skubbe ut den varme lufta og hente inn kald luft frå slissa nederst i kottdøra, altså veldig nærme golvet.
Her har eg klipt eit hull i røret øverst og teipa det andre fast i d første. Dette gav ganske langt frå nok effekt, i tillegg til at det bråker ein del meir enn løsningen eg endte opp med.
Det eg tror var grunnane til at dette ikkje fungerte skikkelig er for det første at eg ikkje lagte koblingene mellom røret og viftene tett nok, for det andre så tror eg at lufta delvis sirkulerte i røret meir enn den blei skubba ut.


For å dempe lyden(vibrasjonsstøy og vifteulyder) ut frå kottet så har eg kledd alle hulrom i døra med 2cm motoromsisolasjonsplater, og lagt dempepapp utenpå ein del av dette igjen. Eg kjøpte i tillegg ei 1cm tjukk motorromsisolasjonsplate frå biltema, siden denne har lim på eine sida og ergo fint kan brukes til å festes ein del knotete plasser. Eg har lagt litt inni røret øverst, festa noge under gummiføttene til kabinettet og festa litt på utenpå røret heilt ytterst mot døra. Dei siste bildene her til høyre viser òg koss eg løste problemet med at lufta sirkulerte. Eg satte inn ein T-kobling på røra og strakk 2 "lange" rør for å få flytta lufta. I tillegg har eg fått laga det til slik at det er ganske tett rundt viftene. Eg har brukt borrelåsteip for å lage fester og brukt sølvteip til å lage bevegelige "tøystykker" som er lette å feste rundt viftene. Takk og lov for at Clas Ohlson har billig sølvteip.
T'en eg satte opp her eg laga ein "vegg" inni for å få lufta te ikkje ha ein lettare vei inn i d andre røret + til å ha støypapp på for å drepe litt av lyden som går gjennom røret.
Andre ting eg har prøvd er å legge i biter av svamp i røret nær utblåsingen, lagt i høytalerisolasjon for å dempe støyen gjennom røret. Eg la inn eit tynt lag med svamp og høytalerisolasjon for å dempe luftsuset, men desse sperra rett og slett for mye for luftstrømmen.
Ytterst i døra har eg satt inn ein ventil som på bildet her. Eg prøvde først å ha ein ventil med riller, men eg syns at luftsuset gjennom denne blei for mye, den typen eg har endt opp med synes eg er mye stillere.
Nå har eg fått alle klærne tilbake til kottet og dei tar òg av noge støy, så nå er eg egentlig komt så langt at det er bare luftsuset som står tilbake som støyen frå serveren. Luftsuset er heldigvis ikkje verre enn at ein må lytte litt for å høre det om ein er i eit anna rom enn gangen, og lukker ein døra inn til rommet der du sitter så er lyden så godt som heilt borte.
Om nogen har tips til koss eg skal få fjerna luftsuset uten å sperre for all lufta sånn at ting bare blir varmt inni der så kom gjerne med dei. Det hadde vore heilt konge å fått dette heilt stille, uten at det blir kokvarmt inni der...

1 kommentar:

  1. Du tar heilt av med det skapet :)
    Spent på koss det går med aktiv støydempningseksperimentet ditt!

    SvarSlett