torsdag 25. februar 2010

Tide busser i utide

Med alt snøfallet i Bergen som nå har vart så altfor lenge så har eg nå ein periode prøvd å ta bussen te og frå jobben. Eg tok den ein kort periode før jul, og kjøpte meg eit månedskort etter jul. Når månedskortet gjekk ut så begynte eg å lure på kva alternativer som fantes te buss... 20min til jobb(buss+gange) gjekk forsåvidt greit, men det forutsatte at eg tok ein arbeidsrute-bussane som går til Haukeland. Desse går 0457, 0625, 0626, 0655 og 0725, som i lengden blir litt småtidlig. Dei var som regel ikkje meir enn 2-3min for tidlig eller mye over 5min for sein, så det å stå ute i eit drygt kvarter på det verste var vel kanskje det verste med den bussen.
Så var det him igjen då... Å gå tar 55min med snøen som ligger for tida. Den kortaste tida eg har klart med buss kombinert med gange er 40min, vanlig tid var sannsynligvis 1t10min. Dei lengste tok vel noge sånt som 1t45min... Dei to gongene som virkelig gjorde meg forbanna var fredag 8/1 der bussen som skulle ha starta å kjøre frå Bystasjonen kl 1740 ikkje dukka opp. 1745 fekk eg vite frå ei av dei andre som stod og venta på samme buss at ei venninne av henne hadde gått på bussen me venta på i Olav Kyrresgt. Venninna gjekk fram og spurte busssjåføren om koffor han ikkje hadde vore innom Bystasjonen, og fekk til svar at han hadde droppa det stoppet fordi han ikkje hadde hatt tid. Eg tok ein taxi den gongen og fekk igjen penger, mandag 1/2 derimot kom heller ikkje bussen til bystasjonen, eg meiner det var i 17-tida eg venta på den dagen òg. Den gongen stod vel eg og 15-20 andre og venta på den bussen som aldri dukka opp. I kundegarantien til Tide står det at du får dekka taxi om du blir 20min forsinka, når er du 20min forsinka? Er det når neste buss kommer 20min etter den du egentlig venta på, eller må du vente ein ekstra 5min for å sjå om denne dukker opp? Ei av dei som skulle tatt den bussen endte opp med å ta neste fordi det var ingen ledige taxier på bystasjonen mens me venta på neste buss. Eg må virkelig sei at det frister utrolig lite å ta buss når du ikkje eingong kan stole på at dei kommer til det bussstoppet dei skal starte å kjøre frå.


Det eg nå har endt opp med er å kjøpe meg piggdekk til sykkelen og sykle til jobb. Eg kan då for det meste sykle på fortauene eller sykkelstiane, men må bruke veien ein del. Har det nylig komt snø, så kan eg derimot bare glemme å sykle nogen aen plass enn på veien. Men, men eg bruker nå bare 20min til og frå jobb. Så eg sparer opptil eit par timer kvar dag. Litt fakta: sykkelturen e ca 4,3km, og eg har klart den på 10min på tørt føre med min gode sykkel.

Men nok om det å ta buss til jobb, det å ta buss generelt sett her frå Laksevåg er det jo massevis ein kan sei om. Dei kommer sjelden på den tida dei skal komme, og forundrande ofte så kommer dei 2 bussar samtidig, den på rute 70 som skulle gått for 10min siden og den rute 70 som skal gå nå, evnt rute 71 på begge eller ein av dei i tillegg til dei 2 70'ane.
Så var det rutetabellen frå Laksevåg, man-fre (-A: arbeidsrute, -7 rute 70, -1 rute 71):
Kl 04: 57-A   = Klokka 04:57 Arbeidsruta
Kl 05: 59-7
Kl 06: 13-7, 25-A, 30-7, 10-1, 26-A(1), 27-7, 55-A, 45-1, 57-7 (ja, dei står sånn i ruta frå Laksevåg/Fergeveien)
Kl 07: 10-1, 32-7, 26-A, 25-7, 37-1, 55-7, 52-7
Kl 08: 07-1, 25-7, 20-1, 37-7, 40-1, 50-1
Kl 09: 00-7,       10-1, 22-7, 40-1
Kl 10: 00-7, 00-1, 10-1, 22-7, 40-1, 55-1
Kl 11: 00-7,       10-1, 22-7, 40-1
Kl 12: 00-7,       10-1, 22-7, 40-1, 55-1
Kl 13: 00-7,       10-1, 22-7, 40-1, 55-A
Kl 14: 07-1, 08-1(1),    22-7, 38-1
Kl 15: 00-7, 05-A, 02-1, 08-1, 30-7, 38-1, 52-1
Kl 16: 00-7, 08-1, 30-7, 38-1
Kl 17: 02-1, 08-1, 30-7, 27-1, 38-1
Kl 18:                10-1,       40-7
Kl 19: 00-7,       10-1,       42-7
Kl 20: 00-7,       10-1,       42-7
Kl 21:                10-1, 27-7
Kl 22:                10-1, 50-7
Kl 23: 20-1
Kl 00: 20-1
Wow, når eg nå skreiv ned alle tidene så fant eg faktisk system i tidene på deler av dagen... Såklart dei delene av dagen det absolitt minst sannsynlig at eg tar buss, men dog... Eg liker spesielt å finne 2punkter(1) der faktisk samme ruten går med 1 minutts mellomrom. Og det er jo virkelig dei to tidspunktene på dagen det virkelig er mye folk som tar dei bussane, sikkert spesielt 14.07 og 14.08...
Ellers så er det jo ein ganske vanlig trend her at 2 busser går innenfor 5 eller 10 minutt av kvarandre, og så er det 20-30minutt te neste... Og det er ca det samme him igjen... Gåturen frå byen tar drygt 30min, så er været greit og bussen ikkje kommer innen kort tid frå me kommer til bussstoppet så ender det ofte med at me går.

Nei, eg må virkelig sei at busstilbudet må forbedres kraftig om eg ska ta buss på noge fast basis. Første krav er at bussane kjører frå alle stoppa dei ska kjøre frå, andre at dei er så godt som i tide, og eg skulle gjerne hatt eit lett system å forholde meg til for når dei går. At det går ein buss kvart kvarter frå 3minutt over heil, mellom kl 6 og 22 er tider det er lett å forholde seg til.
Men uansett så lenge eg ferdes i Bergen og det ikkje ligger snø overalt så kommer eg nok te å bruke sykkelen, det går MYE fortare enn noge anna. Du kan sykle nesten frå dør til dør, har lite problemer med å finne parkering, parkeringa er gratis og du trenger ikkje å gå langt frå parkeringsplassen til der du skal.

Gratis treningssentre åpnet i Bergen

For eit par måneder siden åpnet værgudene gratis treningssentre over heile bergensområdet. Det er faktisk så mange av desse sentrene at du trenger maks å gå 10m frå døra di for å få deg ei solid treningsøkt.
Bare ta på deg dei varme klærne du allerede har handla inn for å overleve denne lange kuldeperioden, ta med deg snøskuffa som du sikkert har i kjellaren og gå ut og begynn å måke vekk snø... Dette trener armer, rygg og sikkert ein del kondisjon, trenger du å trene meir kondisjon og bein så er det bare å ta ein løpetur i den djupe snøen. Garantert kjempegod trening. Vil du trene mye styrke i beina i tillegg så lesser du opp eit akebrett eller ein aen form for slede med ein stor mengde snø eller is og løper i snøen med den på slep...
Begynner du å sleppe opp for snø å måke i nabolaget så trenger du sikkert ikkje vente veldig lenge før det kommer meir frå oven, og dei kommer og måker enten frå veien opp på sykkelstien, eller frå sykkelstien og opp på fortauet.

laurdag 13. februar 2010

Serverkottet

Disker bråker, mange disker bråker mye, mange disker som kjøles tilstrekkelig ned bråker veldig mye... Eg har nå komt sålangt at eg har installert Windows Home Server(WHS), tidlegare har eg hatt Windows XP på serveren, som eg hadde hacket til å kunne kjøre Software RAID5. Eg hadde tenkt å kjøre RAID5 når eg oppgraderte serveren, så eg kjøpte inn 7 1,5TB disker siden eg syntes d var eit greit antall i forhold til risk og størrelsestap når ein kjører RAID5. Mens eg holdt på å herje med WHS kom eg fram te at eg heller ville bruke WHS sin Drive Extender, dette gjorde at eg kunne bruke alle gamle disker eg hadde liggande og har nå endt opp med 16 disker i serveren.
Kabinettet hadde plass te 8, eg har satt inn ei Lian Li Drevramme som tar opp 3 5-1/4-toms plasser og gir meg 4 3-1/2-toms plasser, ei Sunbeam Wherever PCI-rack som eg bruker til ein disk, og i tillegg har eg montert ei ramme på utsiden med 4 disker. Den eine av dei 8 originale plassene har eg latt stå åpen for å få bedre luftgjennomstrømming.

Så var det det eg virkelig har brukt MYE tid på i d siste: Kjøling... Problemet blei hovedsaklig å få dytta ut nok varmluft samtidig som det ikkje bråkte som eit helvete.
Mine første forsøk var å prøve å få kobla sammen eit par lufterør og koble desse på rett utenfor viftene eg kjøpte. Viftene eg kjøpte var ganske så kraftige 228m3/t, 2x136m3/t og den siste som drar luft inni kabinettet på 149m3/t. Tanken min er at desse viftene skal sammen skubbe ut den varme lufta og hente inn kald luft frå slissa nederst i kottdøra, altså veldig nærme golvet.
Her har eg klipt eit hull i røret øverst og teipa det andre fast i d første. Dette gav ganske langt frå nok effekt, i tillegg til at det bråker ein del meir enn løsningen eg endte opp med.
Det eg tror var grunnane til at dette ikkje fungerte skikkelig er for det første at eg ikkje lagte koblingene mellom røret og viftene tett nok, for det andre så tror eg at lufta delvis sirkulerte i røret meir enn den blei skubba ut.


For å dempe lyden(vibrasjonsstøy og vifteulyder) ut frå kottet så har eg kledd alle hulrom i døra med 2cm motoromsisolasjonsplater, og lagt dempepapp utenpå ein del av dette igjen. Eg kjøpte i tillegg ei 1cm tjukk motorromsisolasjonsplate frå biltema, siden denne har lim på eine sida og ergo fint kan brukes til å festes ein del knotete plasser. Eg har lagt litt inni røret øverst, festa noge under gummiføttene til kabinettet og festa litt på utenpå røret heilt ytterst mot døra. Dei siste bildene her til høyre viser òg koss eg løste problemet med at lufta sirkulerte. Eg satte inn ein T-kobling på røra og strakk 2 "lange" rør for å få flytta lufta. I tillegg har eg fått laga det til slik at det er ganske tett rundt viftene. Eg har brukt borrelåsteip for å lage fester og brukt sølvteip til å lage bevegelige "tøystykker" som er lette å feste rundt viftene. Takk og lov for at Clas Ohlson har billig sølvteip.
T'en eg satte opp her eg laga ein "vegg" inni for å få lufta te ikkje ha ein lettare vei inn i d andre røret + til å ha støypapp på for å drepe litt av lyden som går gjennom røret.
Andre ting eg har prøvd er å legge i biter av svamp i røret nær utblåsingen, lagt i høytalerisolasjon for å dempe støyen gjennom røret. Eg la inn eit tynt lag med svamp og høytalerisolasjon for å dempe luftsuset, men desse sperra rett og slett for mye for luftstrømmen.
Ytterst i døra har eg satt inn ein ventil som på bildet her. Eg prøvde først å ha ein ventil med riller, men eg syns at luftsuset gjennom denne blei for mye, den typen eg har endt opp med synes eg er mye stillere.
Nå har eg fått alle klærne tilbake til kottet og dei tar òg av noge støy, så nå er eg egentlig komt så langt at det er bare luftsuset som står tilbake som støyen frå serveren. Luftsuset er heldigvis ikkje verre enn at ein må lytte litt for å høre det om ein er i eit anna rom enn gangen, og lukker ein døra inn til rommet der du sitter så er lyden så godt som heilt borte.
Om nogen har tips til koss eg skal få fjerna luftsuset uten å sperre for all lufta sånn at ting bare blir varmt inni der så kom gjerne med dei. Det hadde vore heilt konge å fått dette heilt stille, uten at det blir kokvarmt inni der...