søndag 7. mars 2010

Helvetesøvelsen(Dans)

Eg fekk ein mail frå Per for altfor lenge siden(3 veker) med sps om eg kunne sende han ein beskrivelse av helvetesøvelsen. Eg hadde bare ein kortvariant liggande men her ska eg prøve å skrive ein skikkelig beskrivelse av den.

Helvetesøvelse

I denne øvelsen skal G føre J i kryssteg/crossovers. G vil føre stega i forskjellig tempo, lengde, framover/bakover og føre spesielle figurar som bryter opp desse stega.
Dette er ein føringsøvelse som trener hovudsaklig ramme. Til å begynne med vil den ende opp med å trene opp noget stive armer, men etter kvart som ein blir meir avansert skal ein stå mest mulig i egenbalanse, og slappe mest mulig av mellom punktene der sjølve føringa skjer. Slik at ein trener kor lang tid det tar følger å reagere når fører begynner å føre. I tillegg gjer det fører bevisst på at dei faktisk må følgje med på kor følger er i sine bevegelsar når dei fører.
Ein kraftig forenkling av denne er at J lener seg litt mot G. Siden dei då automagisk må spenne opp armane for å ikkje falle på G.
Delen som går på å bryte ramme trener reaksjonsevnen, samt at den prøver å få folk frå å bruke denne øvelsen til å trene seg inn i fastlåste mønstre.

Variasjoner som kan gjeres i lukka

    * Crossovers tempo og lengde
    * Lukka med spinn
    * Til musikken – kan taes samtidig i åpen og lukka
    * Legge inn i dansen(veldig korte og kjappe steg) – kan taes samtidig i åpen og lukka
    * Halve steg
    * Bakover, husk halve òg her – mye d samme om denne taes i åpen eller lukka

Variasjoner som kan gjeres i åpen

    * Crossovers tempo og lengde
    * Til musikken – kan taes samtidig i åpen og lukka
    * Legge inn i dansen(veldig korte og kjappe steg) – kan taes samtidig i åpen og lukka
    * Halve steg
    * Bakover, husk halve òg her – mye d samme om denne taes i åpen eller lukka

Variasjoner som bryter ramme

    * Lukka: Få foten te å ”sveve” i lufta
    * Åpen/Lukka: Få til J til å ”sveve” og krysse bak G kne. Kan i lukka brukes som inngang til Sweep the floor
    * Lukka: Bakover til J ned
    * Lukka: Ned til sveip(J har foten i lufta bakover, G går rundt)
    * Åpen: Ned til J foten ut direkte bakover. Føring m tilbake og ut. Kan òg taes videre til sveip.

torsdag 25. februar 2010

Tide busser i utide

Med alt snøfallet i Bergen som nå har vart så altfor lenge så har eg nå ein periode prøvd å ta bussen te og frå jobben. Eg tok den ein kort periode før jul, og kjøpte meg eit månedskort etter jul. Når månedskortet gjekk ut så begynte eg å lure på kva alternativer som fantes te buss... 20min til jobb(buss+gange) gjekk forsåvidt greit, men det forutsatte at eg tok ein arbeidsrute-bussane som går til Haukeland. Desse går 0457, 0625, 0626, 0655 og 0725, som i lengden blir litt småtidlig. Dei var som regel ikkje meir enn 2-3min for tidlig eller mye over 5min for sein, så det å stå ute i eit drygt kvarter på det verste var vel kanskje det verste med den bussen.
Så var det him igjen då... Å gå tar 55min med snøen som ligger for tida. Den kortaste tida eg har klart med buss kombinert med gange er 40min, vanlig tid var sannsynligvis 1t10min. Dei lengste tok vel noge sånt som 1t45min... Dei to gongene som virkelig gjorde meg forbanna var fredag 8/1 der bussen som skulle ha starta å kjøre frå Bystasjonen kl 1740 ikkje dukka opp. 1745 fekk eg vite frå ei av dei andre som stod og venta på samme buss at ei venninne av henne hadde gått på bussen me venta på i Olav Kyrresgt. Venninna gjekk fram og spurte busssjåføren om koffor han ikkje hadde vore innom Bystasjonen, og fekk til svar at han hadde droppa det stoppet fordi han ikkje hadde hatt tid. Eg tok ein taxi den gongen og fekk igjen penger, mandag 1/2 derimot kom heller ikkje bussen til bystasjonen, eg meiner det var i 17-tida eg venta på den dagen òg. Den gongen stod vel eg og 15-20 andre og venta på den bussen som aldri dukka opp. I kundegarantien til Tide står det at du får dekka taxi om du blir 20min forsinka, når er du 20min forsinka? Er det når neste buss kommer 20min etter den du egentlig venta på, eller må du vente ein ekstra 5min for å sjå om denne dukker opp? Ei av dei som skulle tatt den bussen endte opp med å ta neste fordi det var ingen ledige taxier på bystasjonen mens me venta på neste buss. Eg må virkelig sei at det frister utrolig lite å ta buss når du ikkje eingong kan stole på at dei kommer til det bussstoppet dei skal starte å kjøre frå.


Det eg nå har endt opp med er å kjøpe meg piggdekk til sykkelen og sykle til jobb. Eg kan då for det meste sykle på fortauene eller sykkelstiane, men må bruke veien ein del. Har det nylig komt snø, så kan eg derimot bare glemme å sykle nogen aen plass enn på veien. Men, men eg bruker nå bare 20min til og frå jobb. Så eg sparer opptil eit par timer kvar dag. Litt fakta: sykkelturen e ca 4,3km, og eg har klart den på 10min på tørt føre med min gode sykkel.

Men nok om det å ta buss til jobb, det å ta buss generelt sett her frå Laksevåg er det jo massevis ein kan sei om. Dei kommer sjelden på den tida dei skal komme, og forundrande ofte så kommer dei 2 bussar samtidig, den på rute 70 som skulle gått for 10min siden og den rute 70 som skal gå nå, evnt rute 71 på begge eller ein av dei i tillegg til dei 2 70'ane.
Så var det rutetabellen frå Laksevåg, man-fre (-A: arbeidsrute, -7 rute 70, -1 rute 71):
Kl 04: 57-A   = Klokka 04:57 Arbeidsruta
Kl 05: 59-7
Kl 06: 13-7, 25-A, 30-7, 10-1, 26-A(1), 27-7, 55-A, 45-1, 57-7 (ja, dei står sånn i ruta frå Laksevåg/Fergeveien)
Kl 07: 10-1, 32-7, 26-A, 25-7, 37-1, 55-7, 52-7
Kl 08: 07-1, 25-7, 20-1, 37-7, 40-1, 50-1
Kl 09: 00-7,       10-1, 22-7, 40-1
Kl 10: 00-7, 00-1, 10-1, 22-7, 40-1, 55-1
Kl 11: 00-7,       10-1, 22-7, 40-1
Kl 12: 00-7,       10-1, 22-7, 40-1, 55-1
Kl 13: 00-7,       10-1, 22-7, 40-1, 55-A
Kl 14: 07-1, 08-1(1),    22-7, 38-1
Kl 15: 00-7, 05-A, 02-1, 08-1, 30-7, 38-1, 52-1
Kl 16: 00-7, 08-1, 30-7, 38-1
Kl 17: 02-1, 08-1, 30-7, 27-1, 38-1
Kl 18:                10-1,       40-7
Kl 19: 00-7,       10-1,       42-7
Kl 20: 00-7,       10-1,       42-7
Kl 21:                10-1, 27-7
Kl 22:                10-1, 50-7
Kl 23: 20-1
Kl 00: 20-1
Wow, når eg nå skreiv ned alle tidene så fant eg faktisk system i tidene på deler av dagen... Såklart dei delene av dagen det absolitt minst sannsynlig at eg tar buss, men dog... Eg liker spesielt å finne 2punkter(1) der faktisk samme ruten går med 1 minutts mellomrom. Og det er jo virkelig dei to tidspunktene på dagen det virkelig er mye folk som tar dei bussane, sikkert spesielt 14.07 og 14.08...
Ellers så er det jo ein ganske vanlig trend her at 2 busser går innenfor 5 eller 10 minutt av kvarandre, og så er det 20-30minutt te neste... Og det er ca det samme him igjen... Gåturen frå byen tar drygt 30min, så er været greit og bussen ikkje kommer innen kort tid frå me kommer til bussstoppet så ender det ofte med at me går.

Nei, eg må virkelig sei at busstilbudet må forbedres kraftig om eg ska ta buss på noge fast basis. Første krav er at bussane kjører frå alle stoppa dei ska kjøre frå, andre at dei er så godt som i tide, og eg skulle gjerne hatt eit lett system å forholde meg til for når dei går. At det går ein buss kvart kvarter frå 3minutt over heil, mellom kl 6 og 22 er tider det er lett å forholde seg til.
Men uansett så lenge eg ferdes i Bergen og det ikkje ligger snø overalt så kommer eg nok te å bruke sykkelen, det går MYE fortare enn noge anna. Du kan sykle nesten frå dør til dør, har lite problemer med å finne parkering, parkeringa er gratis og du trenger ikkje å gå langt frå parkeringsplassen til der du skal.

Gratis treningssentre åpnet i Bergen

For eit par måneder siden åpnet værgudene gratis treningssentre over heile bergensområdet. Det er faktisk så mange av desse sentrene at du trenger maks å gå 10m frå døra di for å få deg ei solid treningsøkt.
Bare ta på deg dei varme klærne du allerede har handla inn for å overleve denne lange kuldeperioden, ta med deg snøskuffa som du sikkert har i kjellaren og gå ut og begynn å måke vekk snø... Dette trener armer, rygg og sikkert ein del kondisjon, trenger du å trene meir kondisjon og bein så er det bare å ta ein løpetur i den djupe snøen. Garantert kjempegod trening. Vil du trene mye styrke i beina i tillegg så lesser du opp eit akebrett eller ein aen form for slede med ein stor mengde snø eller is og løper i snøen med den på slep...
Begynner du å sleppe opp for snø å måke i nabolaget så trenger du sikkert ikkje vente veldig lenge før det kommer meir frå oven, og dei kommer og måker enten frå veien opp på sykkelstien, eller frå sykkelstien og opp på fortauet.

laurdag 13. februar 2010

Serverkottet

Disker bråker, mange disker bråker mye, mange disker som kjøles tilstrekkelig ned bråker veldig mye... Eg har nå komt sålangt at eg har installert Windows Home Server(WHS), tidlegare har eg hatt Windows XP på serveren, som eg hadde hacket til å kunne kjøre Software RAID5. Eg hadde tenkt å kjøre RAID5 når eg oppgraderte serveren, så eg kjøpte inn 7 1,5TB disker siden eg syntes d var eit greit antall i forhold til risk og størrelsestap når ein kjører RAID5. Mens eg holdt på å herje med WHS kom eg fram te at eg heller ville bruke WHS sin Drive Extender, dette gjorde at eg kunne bruke alle gamle disker eg hadde liggande og har nå endt opp med 16 disker i serveren.
Kabinettet hadde plass te 8, eg har satt inn ei Lian Li Drevramme som tar opp 3 5-1/4-toms plasser og gir meg 4 3-1/2-toms plasser, ei Sunbeam Wherever PCI-rack som eg bruker til ein disk, og i tillegg har eg montert ei ramme på utsiden med 4 disker. Den eine av dei 8 originale plassene har eg latt stå åpen for å få bedre luftgjennomstrømming.

Så var det det eg virkelig har brukt MYE tid på i d siste: Kjøling... Problemet blei hovedsaklig å få dytta ut nok varmluft samtidig som det ikkje bråkte som eit helvete.
Mine første forsøk var å prøve å få kobla sammen eit par lufterør og koble desse på rett utenfor viftene eg kjøpte. Viftene eg kjøpte var ganske så kraftige 228m3/t, 2x136m3/t og den siste som drar luft inni kabinettet på 149m3/t. Tanken min er at desse viftene skal sammen skubbe ut den varme lufta og hente inn kald luft frå slissa nederst i kottdøra, altså veldig nærme golvet.
Her har eg klipt eit hull i røret øverst og teipa det andre fast i d første. Dette gav ganske langt frå nok effekt, i tillegg til at det bråker ein del meir enn løsningen eg endte opp med.
Det eg tror var grunnane til at dette ikkje fungerte skikkelig er for det første at eg ikkje lagte koblingene mellom røret og viftene tett nok, for det andre så tror eg at lufta delvis sirkulerte i røret meir enn den blei skubba ut.


For å dempe lyden(vibrasjonsstøy og vifteulyder) ut frå kottet så har eg kledd alle hulrom i døra med 2cm motoromsisolasjonsplater, og lagt dempepapp utenpå ein del av dette igjen. Eg kjøpte i tillegg ei 1cm tjukk motorromsisolasjonsplate frå biltema, siden denne har lim på eine sida og ergo fint kan brukes til å festes ein del knotete plasser. Eg har lagt litt inni røret øverst, festa noge under gummiføttene til kabinettet og festa litt på utenpå røret heilt ytterst mot døra. Dei siste bildene her til høyre viser òg koss eg løste problemet med at lufta sirkulerte. Eg satte inn ein T-kobling på røra og strakk 2 "lange" rør for å få flytta lufta. I tillegg har eg fått laga det til slik at det er ganske tett rundt viftene. Eg har brukt borrelåsteip for å lage fester og brukt sølvteip til å lage bevegelige "tøystykker" som er lette å feste rundt viftene. Takk og lov for at Clas Ohlson har billig sølvteip.
T'en eg satte opp her eg laga ein "vegg" inni for å få lufta te ikkje ha ein lettare vei inn i d andre røret + til å ha støypapp på for å drepe litt av lyden som går gjennom røret.
Andre ting eg har prøvd er å legge i biter av svamp i røret nær utblåsingen, lagt i høytalerisolasjon for å dempe støyen gjennom røret. Eg la inn eit tynt lag med svamp og høytalerisolasjon for å dempe luftsuset, men desse sperra rett og slett for mye for luftstrømmen.
Ytterst i døra har eg satt inn ein ventil som på bildet her. Eg prøvde først å ha ein ventil med riller, men eg syns at luftsuset gjennom denne blei for mye, den typen eg har endt opp med synes eg er mye stillere.
Nå har eg fått alle klærne tilbake til kottet og dei tar òg av noge støy, så nå er eg egentlig komt så langt at det er bare luftsuset som står tilbake som støyen frå serveren. Luftsuset er heldigvis ikkje verre enn at ein må lytte litt for å høre det om ein er i eit anna rom enn gangen, og lukker ein døra inn til rommet der du sitter så er lyden så godt som heilt borte.
Om nogen har tips til koss eg skal få fjerna luftsuset uten å sperre for all lufta sånn at ting bare blir varmt inni der så kom gjerne med dei. Det hadde vore heilt konge å fått dette heilt stille, uten at det blir kokvarmt inni der...

torsdag 5. november 2009

"Trying to drink from the firehose"

http://www.dotnetrocks.com/default.aspx?showNum=476
Denne podcasten var utrolig interressant. Det blir her stilt mange "store" spørsmål som går direkte på oss som programmere, og industrien generelt. Sjølv om mange av problemstillingane og eksempla er .Net-sentriske betyr ikkje dette at spørsmåla ikkje er relevante for programmerere uansett kva språk dei jobber med.
Det var òg her eg hørte sitatet som er overskriften her. Betydningen av uttrykket kommer frå det å prøve å klare å følge med på absolutt alt som kommer av ny teknologi innen programmeringsverdenen, innenfor "alt" eller innenfor ein spesifikk bit med basis i ein spesifikk teknologi, som f.eks .Net-verdenen.

Richard Campbell forteller mye rart frå han starta å mekke på elektronikk som 10-åring og oppover til i dag. "Computers are amplifiers, they can amplify your intelligence or your stupidity, which do you prefer?"

http://www.hanselminutes.com/default.aspx?showID=200
Her får ein høre ein del tanker og ideér frå ei av dei som var med og utvikla web'en til det den er i dag. Eg synes ofte det er ganske interressant å høre kva tanker som gjekk gjennom hodet på folk som var med og utvikla ting på eit så tidlig tidspunkt.

http://www.hanselminutes.com/default.aspx?showID=193
StackOverflow tenker tydeligvis mye nytt i korleis ein skal lage forumsider som fungerer, og dei har jo fått ganske bra suksess med det. Her forteller ein av utviklerane om ein del av dei problemstillingane dei har jobba med.

søndag 18. oktober 2009

Fotomesse Bergen

Eg var på fotomessen i Bergen i går og var der på eit foredrag av Ole Jørgen Liodden, han hadde nogen virkelig gode naturbilder, så eg fant ut at eg måtte rote fram eit par av dei og legge dei her sånn at andre kan få gleden av å oppdage dei. ;)
http://www.naturfokus.info/index.php?option=com_content&view=article&id=31&Itemid=61
Bloggen hans:
http://naturfokus.info/wordpress/
Her var det enda fleire bilder, velg logg inn som Guest. Det var MYE bilder her dog, så eg lista opp eit par eg likte godt under hovedlinken her.
http://bildeweb.naturfokus.no/wshowb.aspx?
http://bildeweb.naturfokus.no/kikkebilder/2009030269.jpg
http://bildeweb.naturfokus.no/kikkebilder/2008070915.jpg
http://bildeweb.naturfokus.no/kikkebilder/2008070648.jpg

ZeroConf / Bonjour

Eg har kikka litt på ZeroConf / Bonjour for .Net i d siste. Eg lurte litt på om det var passande å bruke i eit prosjekt på jobb, men eg har nok komt fram til at d blir litt overkill for det prosjektet...
ZeroConf er eit bibliotek som legger eit lag over dns'en for å få programmer til å "finne kvarandre". Såvidt eg har forstått det skal ein definere ein servicetype som f.eks. serversoftwaren din annonserer at den har, og så vil du på klientsiden lett kunne få opp alle servere som annonserer at dei har den servicetypen. Eit eksempel på kor dette er brukt er i iTunes der programmet skal oppdage delte bibliotek frå instanser av iTunes som kjører på andre maskiner i ditt lokale nettverk.
Der eg har komt fram te at eg synes dette er mest nyttig er om me i framtida skal lage eit sett med servere der redundans og oppetid er veldig viktige tema. Muligheten til å sette inn ein ekstra server som automatisk blir oppdaga og synkronisert er ein veldig interressant strategi. Det vil gjere det veldig enkelt å få opp ekstra servere både for redundans og lastbelastning.

Her er eit par linker for interresserte:
http://developer.apple.com/mac/library/documentation/Cocoa/Conceptual/NetServices/Introduction.html
http://developer.apple.com/networking/bonjour/index.html
http://zeroconf.codeplex.com/
http://developer.apple.com/networking/bonjour/download/
http://code.google.com/p/zeroconfignetservices/